Hoppa till innehåll

Bli vår nye overlege!

Publiceringsdatum
11 juni 2024
Yrkesroll
Typ av anställning
Ansök nu

Denna annons är hämtad från Platsbanken / arbetsformedlingen.se

ER DU VÅR NYE OVERLEGE INNAN MEDISINSK MIKROBIOLOGI? No styrkar vi teamet vårt og auker opp til 3 overlegestillingar. Vi søkjer deg som har interesse for fagutvikling og teamarbeid. Legar under siste del av spesialisering er oppmoda til å vise interesse. Medisinsk mikrobiologi er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Medisinsk mikrobiologi flytta i 2021 inn i nye og moderne lokaler, og er ein triveleg arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø og totalt 10 bioingeniørar, samt 2 overlegar pr dags dato. Vi har tatt i bruk ny avansert teknologi med stor grad av automasjon og digitale løsninger, og er i stadig utvikling. Haugesund er ein by du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie. Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane. ARBEIDSOPPGÅVER .Medisinskfaglege oppgåver innan medisinsk mikrobiologi .I dag er hovudsakleg driftsoppgåvene knytt til bakteriologi og molekylærbiologi .Den som blir tilsett må i tillegg rekne å delta i planlegging av og gjennomføring av driftsoppgåver knytt til nytt tenestetilbod, nye metodar og nytt utstyr Kvalifikasjonar .Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning i medisinsk mikrobiologi innan dato for tiltreding .Søkjar må ha relevant sjukehuserfaring .Søkjar må beherske norsk eller skandinavisk, skriftleg og munnleg, på høgt nivå PERSONLEGE EIGENSKAPAR Hos oss er det viktig at du: .bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø .har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert .viser fagleg tryggleik, tillit og respekt .har gode samarbeidsevner .høg arbeidskapasitet VI TILBYR .Eit fagmiljø i utvikling og som blir satsa på i dei åra som kjem .Samarbeid med klinikarar og andre fagspesialistar .Eit godt arbeidsmiljø .Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst .Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring MANGFALDSERKLÆRING Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. ARBEIDSSTED Haugesund Sykehus KONTAKTPERSON/ TLF.NR/E-POST Rita Danielsen Tyse +47 53491094 rita.danielsen.tyse@helse-fonna.no BESKRIVELSE AV ARBEIDSGIVER Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook
Ansök nu

Denna annons är hämtad från Platsbanken / arbetsformedlingen.se

Sök jobbet
Ansök senast
04 augusti 2024 (6 dagar kvar)
Ansök nu

Denna annons är hämtad från Platsbanken / arbetsformedlingen.se