Forskingssjef/avdelingsleiar- kulturlandskap og biomangfald

Forskingssjef/avdelingsleiar- kulturlandskap og biomangfald

NøkkelinformasjonForskingssjefen/avdelingsleiaren har ansvar for å leie og utvikle den vitskaplige og faglige aktiviteten i Avdeling for kulturlandskap og biomangfald. Stillinga skal kombinerast med eiga fagleg verksemd.

Vi søkjer deg som har ambisjonar om å vidareutvikle eit sterkt forskingsmiljø innan økologi, biologisk mangfald og naturforvalting. Jordbrukets kulturlandskap, økosystemtenester og økosystembasert forvalting er nokre viktige rammer for aktiviteten i avdelinga.

Avdelinga har ei sentral rolle i utvikling av kunnskap innan økologi, biologisk mangfald og naturforvalting. Forskingsaktiviteten i avdelinga fokuserer spesielt på effektar av landskapsendring og -fragmentering på økosystem og biologiske mangfald, metodar for overvaking av natur, og skjøtsels- og forvaltingsspørsmål relatert til landskap og biologisk mangfald.

Stillinga har kontorstad ved NIBIO sitt kontor i Trondheim, men anna lokalisering kan vurderast. Forskingssjefen/avdelingsleiaren inngår i leiargruppa i Divisjon for matproduksjon og samfunn.

Hovudoppgåvene til stillinga
  • Leia avdelinga si strategiske og faglege utvikling
  • Heilskapleg fag-, personal- og økonomiansvar i avdelinga
  • Utvikling av nettverk og samarbeid med næringsliv, forvalting, og dessutan nasjonale og internasjonale fagmiljø
  • Prosjektutvikling, kvalitetssikring og formidling
Kvalifikasjonar
  • Utdanning innan fagområda til avdelinga, doktorgrad eller tilsvarande
  • Vitskapleg og annan fagleg produksjon innan fagområda til avdelinga
  • Leiarkompetanse vil bli vektlagt
  • Erfaring frå utvikling og leiing av FoU-prosjekt
  • Kjennskap til norsk jordbruk og norsk landbrukspolitikk er ønskjeleg
  • Norsk eller anna skandinavisk språk, og i tillegg engelsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Evne til å kommunisera og samarbeide internt og eksternt
  • Evne til strategisk tenkning og gjennomføring
  • Resultatorientering og marknadsforståing
Vi tilbyrStillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som forskingssjef kode 1111, lønssteg 71-81 (kr 646.700 - 826.000 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og røynsle.

Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.

Treng du meir informasjon?Kontakt divisjonsdirektør Mogens Lund, tlf +47 941 43 615

Korleis søkja på stillingaSøknad med CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

Generelle opplysingarVi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

NIBIO er ei IA-verksemd (inkluderande arbeidsliv).

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Mer info
Område Sør-Trøndelag
Yrkesroll Teknik & Ingenjör, Forskning & Utveckling
Typ av anställning Heltid
Hemsida http://www.nibio.no/
Sista ansökningsdag 3 maj 2019 (14 dagar kvar)

Om arbetsgivaren

NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles. NIBIO har hovudkontor i Ås i Akershus, har om lag 700 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO. Avdeling for kulturlandskap og biomangfald har 15 tilsette fordelt på fire lokalitetar med kompetanse innan landskaps- og vegetasjonsøkologi, økologisk modellering, botanikk og zoologi. Avdelinga for kulturlandskap og biomangfald er ei av sju avdelingar i Divisjon for matproduksjon og samfunn.