Forskingssjef/avdelingsleiar - økonomi og samfunn

Forskingssjef/avdelingsleiar - økonomi og samfunn

NøkkelinformasjonForskingssjefen/avdelingsleiaren har ansvar for å leia og utvikle den vitskapelege og faglege aktiviteten i avdelinga. Vi søkjer deg som i samarbeid med dyktige medarbeidarar i NIBIO vil utvikle eit sterkt fagmiljø for økonomi- og samfunnsforsking innan bioøkonomien, berekraftig matproduksjon og utnytting av naturressursane.

Avdelinga har ansvar for å ivareta heile kunnskapsverdikjeda, frå forsking til analyse og utgreiing. Relasjonsbygging og samarbeid regionalt, nasjonalt og internasjonalt er ei særleg viktig oppgåve. Stillinga skal kombinerast med eiga fagleg verksemd.
Stillinga har kontorstad ved NIBIO sitt hovudkontor på Ås, men anna regionalt sted i NIBIO kan vurderast.

Hovudoppgåvene til stillinga
  • Leia avdelinga si strategiske og faglege utvikling
  • Overordna fag-, personal- og økonomiansvar i avdelinga
  • Utvikling av nettverk og samarbeid med forsking, næringsliv og forvaltning
  • Prosjektutvikling, kvalitetssikring og formidling
Kvalifikasjonar
  • Doktorgrad eller tilsvarande innan avdelinga sine fagområde
  • Vitskapeleg og annan fagleg produksjon innan avdelinga sine fagområde
  • Erfaring frå utvikling og leiing av FoU-prosjekt
  • Erfaring med personalleiing er ynskjeleg
  • God innsikt i norsk landbruk og norsk landbrukspolitikk er ynskjeleg
  • Norsk eller anna skandinavisk språk, og i tillegg engelsk skriftleg og munnleg
  • Resultatorientering og marknadsforståing
Personlege eigenskapar
  • Evne til å kommunisere og samarbeide
  • Evne til både strategisk tenking og gjennomføring
  • Gode analytiske evner
  • Evne til å skape relasjonar og byggje tillit
Vi tilbyrStillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som forskingssjef kode 1111, lønssteg 75 - 83 (kr 704.900 - 883.100 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.

Treng du meir informasjon?Kontakt divisjonsdirektør Mogens Lund, tlf. +47 941 43 615.

Korleis søkja på stillingaSøknad med CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

Generelle opplysingarVi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Mer info
Område Akershus
Yrkesroll Utbildning
Typ av anställning Heltid
Hemsida http://www.nibio.no/
Sista ansökningsdag 10 jan 2020 (28 dagar kvar)

Om arbetsgivaren

NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles. NIBIO har hovudkontor i Ås i Akershus, har om lag 700 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.

Avdeling for økonomi og samfunn er ein del av det samfunnsvitskapelege miljøet i NIBIO. Avdelinga er ei av seks avdelingar i Divisjon for matproduksjon og samfunn.

Avdelinga skal i tett samspel med det naturfaglege/agronomiske og teknologiske miljøet bidra til å utvikle ein konkurransedyktig norsk bioøkonomi, med særleg vekt på berekraftig matproduksjon og sikring av landbrukets ressursgrunnlag og multifunksjonelle rolle. Miljømessige, politiske og institusjonelle endringar samt forbrukar/marknadsperspektiv inngår som viktige element. Avdelinga har 24 tilsette på kontor i Ås, Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø med kompetanse innan bedrifts- og samfunnsøkonomi, miljø- og ressursøkonomi, økonomisk modellering, sosiologi og statsvitskap.