Sommarvikarar i helse og omsorg på Forsandheimen og Brønnabakka avl.

Sommarvikarar i helse og omsorg på Forsandheimen og Brønnabakka avl.

Kort om stillingane:
Helse og omsorgsseksjonen og seksjon funksjonshemma treng sommarvikarar hovudsakleg i perioden 17. juni til 18. august 2019. Følgjande tenesteområde er aktuelle:
  • Forsandheimen: Gruppe 1 (institusjon, heimesjukepleie), gruppe 2 (institusjonsavdeling for personar med demens), sjukepleiar eller student på legekontoret, heimehjelp, reinhald, vaskeri og kjøkken. Søkjarar må spesifisere kva avdeling dei ønskjer å jobbe på og kva periode.
  • Seksjon funksjonshemma i Brønnabakka: Vi tilbyr variert arbeid der ein jobber ein til ein. I feriane vil vi leggje vekt på aktivitetar og gode ferieopplevingar. Seksjonen treng og ferievikarar i heimetenesta, her arbeider vi ein til ein.
Arbeidsoppgåvene vil være praktisk og personlig hjelp for å greie dagligdagse gjeremål i og utanfor heimen. Brukarane her treng hjelp på grunn av sjukdom, skade eller ulike funksjonshemmingar.

Lønsvilkår:

Forsand kommune har eigne lønsvilkår for sjukepleiar og vernepleiar, frå kr 435 400,- til kr 515 400,- ved 16 års ansiennitet. Sjukepleiar/vernepleiar med tilleggsutdanning (4-årig) har frå kr 460 900,- til kr 533 000,- ved 16 års ansiennitet. Fagarbeidarar har eit lokalt tillegg på kr 10 000,- i årslønn.

Vi tilbyr bonuslønn til off. godkjent sjukepleiar:

Vi tilbyr bonuslønn dersom du er offentleg godkjent sjukepleiar og søker på stilling som sommarvikar i helse og omsorgsseksjonen. Bonuslønn er eit tillegg til vanleg lønn og er frå kr 15 000,- til kr 20 000,- dersom du forpliktar deg til å jobbe 4-6 veker i ferieavviklinga sommaren 2019. Utbetaling av bonuslønn skjer etter at vikariatet er fullført.

Forsand kommune er ein IA-bedrift. Vi har gode løns- og pensjonsvilkår og gode velferdsordningar.

Kvalifikasjonskrav:

Sjukepleiar, vernepleiar, fagarbeidar innan helse- og omsorgsfaget eller ufaglærte og studentar. Søkjarar til heimehjelpstenesta og heimesjukepleie må ha sertifikat for personbil.


Krav til språkkunnskapar:


Det stillast krav om norskprøve 3 for minoritetsspråklege søkjarar. Dette kravet kan fråvikast dersom søkjar kan dokumentere god norsk (skandinavisk) skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Fullstendig utlysingstekst og søknadsskjema finn du på våre nettsider på www.forsand.kommune.no under ledige stillingar.
Mer info
Kontaktperson Kathrine S. Dagestad
Telefon +4751700325
Område Rogaland
Yrkesroll Hälsa & Sjukvård
Typ av anställning Heltid
Hemsida http://www.forsand.kommune.no
Sista ansökningsdag 31 jan (11 dagar kvar)

Om arbetsgivaren

Forsand kommune: Helse- og omsorgseksjonen består av institusjonsteneste med somatisk og skjerma eining, med 7 plassar kvar. Somatisk avdeling har integrert teneste saman med heimesjukepleie og heimehjelp. Det er omsorgsbustader samlokalisert med institusjonen. Vi har eige produksjonskjøkken som lagar varm middag kvar dag. Ergoterapitenesta (ei stilling) gjev tenester til innbyggjarar i alle aldrar innanfor kartlegging, tilrettelegging og kvardagsrehabilitering. Vi har i tillegg fotterapeut i 20 % stilling, legekontor og psykiatriteneste. Brønnabakka er ein bu- og avlastningstjeneste for barn med særskilte behov for tett oppfølging. Me har for tida sju brukarar i alderen 4 til 18 år der og alle har eigne behov for oppfølging. Hos oss kan du bidra til å gje ein god og meiningsfull kvardag for mennesker som treng hjelp for å oppnå god livskvalitet. Bustaden er plassert sentralt på Forsand i Bergebakkane.